Slik lagar du stillingsannonsar som skaper merksemd og interesse

Design og utforming av ein stillingsannonse har fleire oppgåver – og kan faktisk vere avgjerande for å fange merksemda hos rett kandidat. Her er det du bør tenke på når du skal utforme gode stillingsannonsar.   

1. Format – mobil først

Tenk alltid mobil først. Den minste skjermen er den mest brukte på tvers av både nettaviser og sosiale medium. Ved å produsere for mobil først, blir ein tvinga til å gjere dei rette prioriteringane. Fell ein for freistnaden og begynner med format for desktop, vil ein ofte ende opp med eit dårlegare resultat. Dette prinsippet gjeld både for sjølve annonsen og landingssida med fullstendig utlysingstekst. 

2. Tydeleg avsendar

I ein stillingsannonse, og andre annonsar, er det viktig at avsendaren kjem tydeleg fram gjennom bruk av logo og andre grafiske element i høve til merkevarens profil. 

3. Fontstørrelsar og fonttypar

Det finst fonttypar som eignar seg for digitale flater, og fonttypar som ikkje gjer det. Same fontstørrelse kan ha heilt forskjellig lesbarheit på tvers av fonttypar. Det er avgrensa plass på ei annonseflate, og lesbarheit må alltid prioriterast framfor tekstmengde og bilde. Dei fleste profilhandbøker tar høgde for dette, og beskriv ofte eit snitt for papir og eit anna for digitale flater. 

4. Gode kontrastar

Det finst gode kontrastar og dårlege kontrastar på web. Feil kombinasjon reduserer lesbarheit og dermed annonsens merksemd og respons. Ein skal også vere forsiktig med tekst på bilde. Gjort rett kan det bli bra, men vi ser altfor ofte det motsette. Det er lett å la seg lure når ein sit og jobbar med ein stor og flott annonse på ein endå større skjerm, men ein gløymer ofte at dette blir redusert til ein annonse tilpassa mobiltelefonen. 

5. Enkel dekoding

Med enkel dekoding meiner vi at ein mogleg kandidat omgåande skal forstå kva annonsen handlar om. Folk skrollar raskt nedover sida på både nettaviser og sosiale medium. Vi blir eksponerte for tusenvis av inntrykk gjennom dagen, og hjernen er programmert til å skille ut så mykje støy som mogleg, då det ikkje er mogleg å prosessere all informasjonen vi blir eksponerte for. 

For ikkje å vere ein del av denne støyen, er det viktig å vere tydeleg. Ta omsyn til punkta over og ver forsiktig med kreative konsept – med mindre du har veldig mykje pengar og endå meir tid. 

Kreative konsept kan vere svært lønsamt også i ein rekrutteringskampanje, men då skal ein vite nøyaktig kva ein gjer og korleis ein gjer det.  

Innhaldet er produsert av mediehuset si annonseavdeling. 
Innhaldet i denne artikkelen er ikkje laga av redaksjonen, men av Brand Studio – ein del av avisa si annonseavdeling. Vi er opptatt av eit tydelig skille mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar er utydeleg merka, gi oss gjerne beskjed på e-post. Synest du denne type artiklar ser spennande ut for di bedrift, ta gjerne kontakt på same e-post


KATEGORIAR OG MERKELAPPAR: